Landmåling med moderne utstyr på Vestlandet
Vi kan utføre dei fleste landmålingstenester innan utsetting, innmåling og prosjektering. Vi tilbyr også AS-Built dokumentasjon, mengdeberekning og produksjon av 3D-maskinstyringsfiler.
Dronar er ei nyttig teknologisk nyvinning bl.a. for område der du ynskjer oppmåling/kartlegging f. eks. før anbod, få dokumentert framdrift på anlegget, der stat og kommune ynskjer innmålt/ dokumentert kart og bebygging osv.
Vi tilbyr ordinære landmålingstjenester som kan innbære innmåling eller utstikking med GPS eller Totalstasjon. Nøyaktige tiltak krev kanskje totalstasjon, men med enklere tiltak kan en nøye seg med GPS.
Fleire av våre oppmålingsingeniørar har bestyrar-kompetanse og lang erfaring med å utføre oppmålingsforretningar. Geo Pro Vest har utarbeidd kvalitetsikringsplanar og rutinar for dette som sikrar at arbeidet utførast i samspel med gjeldene lovverk.
Vi hjelp deg med byggesøknad i forbinding med tiltak knytt mot ny bolig, endring av eksisterande tomter, oppføring av natursteinsmurar, oppføring av garasje og liknande. Vi kan og hjelpe med søknad knytt til frådeling av tomter, arealoverføring osv.