Nokre av våre tenester

Dokumentasjon

Vi dokumenterer det meste av as-built dokumentasjon, til dømes FDV, FKB, NVDB eller berre generelle innmålingsfiler på det du ynskjer. Har du noko du lurer på om vi kan hjelpe til med når det gjeld dokumentasjon, så er det berre å ringe eller sende ein epost.

Drone- kartlegging

Ved hjelp av drone dokumenterer vi terreng slik det er, leveransen her er typisk punktsky eller ortofoto. Fleire av kundane nyttar dette til jamnleg oppfølgjing av kva som skjer undervegs i prosjekta. Dei brukar til dømes punkskya til mengdberekning og ortofoto som foto-dokumentasjon på korleis det såg ut på det aktuelle tidspunktet.

Bygg- og anleggsstikking

Vi tilbyr stikking med totalstasjon som krevjast i tiltak kor ein forventar nøyaktigheit. Døme på dette er større bygg, konstruksjonar og liknande ting.

Landmåling, oppmåling og utstikking

Vi tilbyr ordinære landmålingstaenester som kan innbære innmåling eller utstikking med GPS eller Totalstasjon. Nøyaktige tiltak krevjer kanskje totalstasjon, men med enklare tiltak kan ein greie seg med GPS. Kanskje ein kun treng ei innmålingsfil på noko eller ein meir nøyaktig rapport i pdf-format med kartutsnitt og liknande

Mengdberekning og volumkalkulasjon

I større prosjekter kan det være aktuelt for kunden å dokumentere mengder for oppgjer etter medgått mengd. Her kan vi være hjelpsamt å gjere ei eingongsberekning eller fast oppfølgjing kor ein til dømes skal dokumentere månad for månad.

Matrikkel

I dei tilfelle kor kommune ynskjer hjelp til å gjere oppmålingsforretning kan vi være hjelpsame her. Vi kan og bistå privatpersonar som ynskjer hjelp til
å måle opp og merke tomter. Vi kan og hjelpe med å utforme kart og dokumet som trengst til eventuell søknad som skal sendast til kommunen.

Byggesøknadar og tomtedeling

Vi hjelp deg med byggesøknad i samband med tiltak knytt mot ny bolig, endring av eksisterande tomter, oppføring av natursteinsmurar, oppføring av garasje o.l.

Vi kan og hjelpe med søknad knytt til frådeling av tomter, arealoverføring osv. I hovudsak tenkjer ein då på utforming av situasjonsplanar, terrengsnitt, prosjektering av tomt, bistand undervegs i prosjektet med innmåling som krevjast av kommunen osv. All dokumentasjon som trengst leverast og koordinerast med kommunen.

Geometrisk kontroll

Til vegbygging og konstruksjon treng ein hos mange oppdragsgivarar geometrisk kontroll av tiltaket. Dette leverer vi entan utført med GPS eller totalstasjon, avhengig av nøyaktigheita byggherre set til kontrollen. Som oftast er det totalstasjon som nyttast til dette.

Maskinstyring

Vi hjelp deg med utforming av maskinstyringsfiler for dei fleste av merka.

Prosjektering

Per dags dato er vi mest aktiv i prosjektering av tomter til bygging av hus. Dette er eit fagfelt vi på sikt vil utvikle videre i tida framover.

Platetest

I samarbeid med platetest.no utfører vi platetesting for å kvalitetssikre om noko er tilstrekkelig komprimert.